Billetter
lørdag 19. desember
Kl. 18:00
Aurdal kirke

Det er ei stor glede å invitere til årets julekonsert i Aurdal kyrkje, 
laurdag 19. desember!

Hemsingfestivalen og Valdres sommersymfoni inviterer nok ein gong til ein stemningsfull julekonsert saman. Denne fine tradisjonen starta i 2017, og har sidan blitt eit årleg høgdepunkt med fullsette kyrkjer og salar.

Årets konsert finn stad i vakre Aurdal kyrkje, der Eldbjørg Hemsing (fiolin) og Ann-Helen Moen (song) får selskap av unge og lovande musikarar frå Hemsingfestivalens FRAMR-program.

Publikum kan gle seg til ei musikalsk stund fylt med vakre tonar, høgtidsstemning og kjende julemelodiar. Med eit musikalsk program som spenner frå stemningsfulle klassiske perler til kjære julesongar, inviterer vi til ei varm og nær førjulsoppleving.

Velkommen til vakre tonar og julestemning frå start til slutt!

Program

Programmet presenteres nærmere konserten

Konsertstedet

Aurdal Kyrkje, Tom Henning Bratlie
Aurdal kirke