Bente Hemsing

Fiolin // 2. periode
Bente Hemsing

Bente Hemsing er utdanna instrumentalist og fiolinpedagog frå Østlandets Musikkonservatorium i Oslo. Ho har også mellomfag i Folkeminnevitskap og hovudfag i Musikkvitskap ved Universitetet i Oslo i tillegg til leiarutdanning. Ho jobba i fleire år som utøvande musikar i Valdres folkemusikkgruppe og som arkivar i folkemusikkarkivet i Valdres. Bente har hatt free-lanceoppdrag for NRK, som orkestermusikar i profesjonelle symfoniorkestere og ho har reist turnear for Rikskonsertane både i Norge og i India. I ein periode var ho fast fiolinist i Stavanger Symfoniorkester og i Oslo Barokkorkester.

Av pedagogisk verksemd kan nemnast undervisning i kulturskular, i vidaregåande skule, ved Barratt Due musikkinstitutt, ved ulike orkester- og folkemusikkseminar, og som foredragshaldar om tradisjonsmusikk på høgskulenivå. Bente er også nytta som dommar på kappleikar og i juryar for musikarstipend.

Bente har vunne fleire prisar som td ”Andris Dahles Minnepris” for lydarlåttspel på hardingfele (1998), og i 2004 gav ho ut den kritikarroste CD-en ”Solé sprett” med eigenarrangert folkemusikk frå Valdres.

Med si spesielle evne for undervisning, talentutvikling og ikkje minst formidling av musikkglede, er ho ein ettertrakta pedagog. Ho har dei siste åra jobba som dagleg leiar av Austnorsk folkemusikksenter som er eit kompetansesenter i nettverket MØST for profesjonelle musikarar på Austlandet. Ho arbeidar no som kulturskulerektor i Etnedal kommune og som free-lance musikar og pedagog på hardingfele og fiolin.