Klassiske førjulstonar - Billetter i salg!

onsdag 03. november 2021

Klassiske Førjulstonar

 

 

Det er ei stor glede for oss å invitere til julekonsert i Aurdal kirke sundag 19. desember kl 18.00!
Nok ein gong har Hemsingfestivalen ilag med Valdres Sommersymfoni gleden av å invitere til ein felles julekonsert! Denne fine og hyggelege tradisjonen om ein felles konsert starta i 2017 og har sidan den gong vorte arrangert kvart år, til fullsatte salar.

I år er konserten i Aurdal kirke, og dei kunstnarlege leiarane for kvar festival, Guro Kleven Hagen frå Valdres Sommersymfoni, og Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing frå Hemsingfestivalen, tek med seg gode vener og lover vakre tonar og julestemning frå start til slutt. I tillegg til Guro, Eldbjørg og Ragnhild, får de høyre tonar av Mari Eriksmoen, Jakob Koranyi og Sveinung Bjelland.

Velkomen til julestemning og konsert i Aurdal kirke!

Billetter finnes her.