Madelene Berg

Lærer
Fiolin, 1. periode
Madelene Berg

Madelene Berg har studert hos Alf Richard Kraggerud og Henning Kraggerud ved Barratt Due Musikkinstitutt,

Sidan fullførte ho sin utøvande mastergrad på Conservatoire de Lausanne, hos Svetlana Makarova.
Som tenåring debuterte ho som fiolinsolist og har sidan vore solist med bl.a Bergen Filharmoniske orkester, Trondheim Symfoniorkester, 
og Oslo Camerata.
Med stor entusiasme for kammermusikk har Madelene delteke på kammermusikkfestivalar i Skandinavia, Italia, Sveits og Belgia, og også  i Sør-Amerika og Afrika.
Ho har vunne prisar og stipend for musikk-engasjementet hennar og blitt tildelt bl.a. Furore stipendet og Ungdommens Kulturstipend. 
Som musikklærar har ho undervist både i Noreg og Sveits, soloklasser, kammermusikk og orkester. 
Madelene har medverka på innspelingar med Oslo Camerata for Naxos, Det Norske Solistkor for BIS, og jobbar no tett saman med komponisten Dagfinn Koch, etter hennar innspeling av hans soloverk «Carvings», for Grappa.
I 2018-2019 sit ho som nest-gruppeleiar for andre fiolin i Den Norske Opera og Ballett, og spelar jevnlig med Det Norske Kammerorkester som stipendiat.